ViTo Kompetanse - Logo  
Spacer
Spacer

Kva for tenester kan vi tilby?

APS (arbeidspraksis i skjerma verksemd).

Dette er eit avklaringstiltak der deltakarane kan vera i 10 månader med moglegheit for 10 månaders forlenging. Deltakarane er som oftast inne på bedriften ei kort periode før dei går ut i oppfølging på ein ordinær bedrift. Heile tida vert det laga individuelle attføringsløp som er i samsvar med den einskilde brukars ønsker og behov. Det vert fokusert på brukarens moglegheitar i arbeidslivet.

AB (arbeid med bistand).

Dette er eit tiltak for å følge opp deltakarane ute i det ordinære arbeidsliv. Her kan brukar vera i inntil 3 år.

TiA (tilrettelagt arbeid i arbeidsmarkedsbedrift, tidligare fase 3).

Dette er eit tiltak retta mot deltakarar med behov for tilrettelegging. Deltakarane er ordinært ansatte i attføringsbedriften og arbeidet foregår i attføringsbedriften.

Funksjonsvurdering

Dette er ei teneste som rettar seg mot IA bedrifter. Funksjonsvurderinga er ein prosess for å vurdere og oppretthalde eit aktivt arbeidsforhold. Prosessen handlar om gjensidig undersøking og endring av arbeidstakars forutsetningar for og arbeidsgivars krav til arbeidet. Andre aktørar saman med oss kan vera bedriftshelsetenesta, NAV Arbeidslivssenteret, fastlege og andre. Tenesta leverast  i samarbeid med Seljord Personal.

Individuell oppfølging

Tiltaket rettar seg mot ordinære arbeidssøkarar og skal gje individuell tilrettelagt bistand som er nødvendig for å kome i lønna arbeid. I tillegg skal tiltaket gje individuell støtte i startfasen av eit ordinært arbeidsforhold, slik at arbeidsforholdet vert varig. Tenesta tilbydast i samarbeid med Nopro as.

Avklaring av kortare varigheit. Dette er eit tiltak som rettar seg mot ordinære jobbsøkarar som treng hjelp til eigenvurdering og avklaring av si arbeidsevne og moglegheitar på arbeidsmarkedet. Tenesta tilbydast i samarbeid med Nopro as.

Helse og Rehabiliteringsteneste.

Dette er ei teneste som omhandlar avklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging av sjukemeldte. Tenesta skal styrke den einskilde si arbeidsevne og bidra til meistring av helserelaterte problem. Arbeidsretta rehabilitering inneber fysisk, psykologisk og sosial rehabilitering. Tenesta tilbydast i samarbeid med Teli as.

Rettleiing innan privatøkonomi

Her kan vi gi rettleiing i korleis du kan gjera enkle grep for å spare pengar, gjera avtalar med kreditorar, sette opp enkle budsjett osv. Vi nyttar eit kursopplegg som er kalla SMART, og er godkjend av bransjeforeninga Attføringsbedriftene.

Karrierettleiing

Karriererettleiing byggjer på Solbergs Interessetest som kartlegg deltakar sine interesseområder eller interesse for særskilde yrker. Vidare brukar vi 5-faktormodellen til å sjå korleis deltakar sin personlegheit passar inn mot avdekkea interesseområder eller yrker. Denne informasjonen vert så satt opp i mot deltakar sine haldningar, utdanning, eventuelle begrensingar og moglegheitar. Til slutt foreligg det eit konkret forslag til kva deltakar burde sjå nærare på, anten det er eit yrke eller ei utdanning. Karriererettlleiinga ligg som ein naturlig del i fleire av tenestene våre eller det kan tilbydast som ei eigen teneste.

 
Spacer
Spacer
Design og utvikling: House of Media