Korleis kan vi hjelpe deg?
Av mange ulike grunnar kan vi havne i den situasjon at vi må sjå oss om etter en ny jobb eller gjere nokre grep for å behalde den vi har. Vi kan bli sjuke, komme ut for ei ulykke, arbeidsplassen blir flytta eller den kan bli slått konkurs. Mange spørsmål kjem da gjerne opp, og da er det fint å kunne ha ein rettleiar, en rådgivar eller berre ein å diskutere med for å komme seg videre. Hos oss kan du bruke tid på å trene deg opp igjen, prøve deg i ulike arbeidsoperasjonar internt, ute på diverse arbeidsoppdrag for ViTo Kompetanse, eller hos ein av våre samarbeidspartnarar ute i det lokale næringsliv.
Du kan også få hjelp til å sette opp CV og søknad, få gode råd om jobbintervju og motta informasjon om det lokale næringsliv.
Kanskje må du tenke heilt nytt, da kan vi tilby karriereveiledning som kan gi oversikt over dine moglegheiter og hjelpe deg til å starte ein tankeprosess.
For andre kan det være nødvendig å endre livsstil for å komme seg vidare, legge om kosthald, fysisk trening, få orden på privatøkonomi osv.
Sammen med deg lagar vi ein plan for korleis du skal nå dine nye mål i arbeidslivet.
Ta kontakt med ditt lokale NAV kontor, så formidlar dei kontakten vidare til oss. Har du lyst til å besøke oss og sjå kva vi driv med, er du hjarteleg velkommen.
NAV Tokke tlf 35113700 NAV Vinje tlf 35114000
www.nav.no
|