Dette er Vito Kompetanse as:
Vi har som mål å hjelpe folk inn i eller tilbake til en jobb og ein meningsfull kvardag. Dette går som ein raud tråd gjennom alt vi gjer.
Attføring. Alle kan ein eller annan gang trenge hjelp til å finne seg ein jobb, enten du må skifte jobb på grunn av at du har blitt sjuk eller vært utsatt for ei ulykke. Arbeidsplassen din kan gå konkurs, flytter eller innskrenker drifta. Da kan det hende at du treng litt tid til å trene deg opp igjen eller tilegne deg ny kunnskap for å gå inn i eit nytt arbeidsforhold. Gjennom samtaler, ulike kurs og individuelle opplegg hjelper vi folk til å bli bevisst sine moglegheiter, kva dei kan bli betre på og lagar planar for korleis dei skal kunne nå sine mål.
Produksjon. Vi har et nært samarbeid med ABB (www.abb.no) og Dalen Mekaniske as (www.dalenmekaniske.no) gjennom produksjon og bearbeiding av ulike metall- og plastprodukter. Dette gir oss mange ulike arbeidsoperasjonar; lodding, kapping, sandblåsing, bretting, grading og liknande. I tillegg har vi også et tett samarbeid med bedrifta Hey´di (www.heydi.no). For dei blandar og tappar vi ulike produkt som brukast som tilsetningar i mur og puss. I denne produksjonen er det tappe- og pakkeoperasjoner.
|